Studietur - lær deg kunstig intelligens (KI)

Treng du å styrke din kompetanse på kunstig intelligens? Ønsker du innblikk i kva teknologiske løysingar som vil prege samfunnet dei neste åra? Vil du bli kjent med tysk næringsliv og andre teknologiinteresserte?

I april reiser vi til Hamburg og Hannover Messe. Det blir seminar om KI, besøk hos teknologiaktørar i Hamburg og ein tur til Hannover Messe, Europas største og viktigaste teknologi.

Underveis blir det felles bespisning og du blir kjent med andre aktørar frå næringsliv og andre organisasjonar.

Før turen får du tilbod om eit digitalt kurs om teknologiutvikling slik at vi har eit felles startpunkt når vi møtes for seminar om strategisk bruk av KI.

Tid: mandag 20. - onsdag 22. april 2026.

Påmelding

Dette lærer du:

20. april - Lær om Kunstig Intelligens (KI)

KI-ekspert Silvija Seres, med bakgrunn frå Oxford University og Silicon Valley gir oss strategisk innsikt i bruk av KI.

Før turen får du tilgang til kurset "KI for alle".

21. april - Tyskland og Kunstig Intelligens

Hamburg har omfavna kunstig intelligens for å styrke innovasjonen i privat og offentleg sektor. Vi besøker Artificial Intelligence Center og Fraunhofer Institute for Additive Manufacuring.

22. april - Besøk på Hannover Messe

Ny teknologi driv utviklinga. Vi besøker Hannover Messe, Europas fremste utstillingsvindu for ny teknologi. Her får du sjå verktøya og løysingane som vil prege samfunnet langt inn i framtida.

KI for alle

Som deltager får du før turen tilgang til patchskill.com som gir ei innføring i KI. Dag 1 av turen får du KI-kurs ved Silvija Seres, ei av Norges fremste stemmer innan ny teknologi. Med solid bakgrunn frå både akademia og næringsliv, har ho ei unik evne til å gjere komplekse tema som kunstig intelligens forståelege og relevante for alle.

les meir om kurset